Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Squarespace + Google Search Console

squarespace google search console ekspert.png

Som det første publiseringsverktøyet på marknaden har Squarespace lansert ein heilt unik integrasjon med Google Search Console.

Med eit kjapt tastetrykk i Squarespace kan du få oversikt over kva søkeord (nøkkelord) som driv trafikk til sida, og du kan følgje med på kva Google-rank desse har og kor mange som klikkar seg inn til sida di etter å ha søkt.

Dette fungerer veldig bra, og er heilt supert for deg som vil gjerne følgje med på dine nøkkelord, men ikkje kan tenke seg å gå så djupt inn i Google Search Console.
 

Aktivere nettsida i Google Search Console

GoogleSearchConsoleGIF_v06.gif

Du må først aktivere nettsida di i Google Search Console.

Då vil Google Search Keyword Panel dukke opp i Analytics i hovudmenyen (sjå foto).

 

Følg med på fire nøkkeltal

Med denne koplinga kan du heile tida følgje med på og fokuserer på fire nøkkeltal eller KPI`ar:

Klikk (Clicks)

Dette gir deg talet som kom inn på nettsida di etter å ha søkt på eit gitt nøkkelord.

Visningar (Impressions)

Viser dei som såg link til nettsida di i sitt søkeresultat, sjølv om dei ikkje klikka på akkurat din link.

Klikkrate (Click Rate)

%-av dei som fekk di side opp i søket og som klikka på link inn til di side (Klikk/Visningar x 100)

Gjennomsnittleg Google posisjon (Avg. Position)

Dette er den gjennsnittlege posisjonen nettsida di har på eit gitt nøkkelord i det angitte tidsrommet. Om du er på 4.plass i eit søk, og 6.plass om ein annan søkjer, er det altså gjennomsnittet på 5 som, vil vise her (4+6/2)

Vil du vite meir om Squarespace og søkemotor, ta gjerne kontakt med oss.

 

 

AktueltGasta Design