Tenester

Nettsider basert på Squarespace

 

Nettsider som gir resultat

Det er enkelt å lage nettsider. Men det er meir komplisert om du vil at nettsida skal støtte opp under forretningsstrategien din, byggje merkevare, løyse brukarbehov og gi ei positiv brukaroppleving for kundar og potensielle kundar. Vi i Gasta er seks personar med lidenskap for å lage akkurat slike nettsider. Lønnsomme nettsider.
Det vil seie nettsider basert på ein tydeleg webstrategi.

 

Squarespace publiseringsverktøy

Vi har tidlegare arbeidd med publiseringsverktøy som DNN og WordPress, men har utvikla meir enn 400 nettsider basert på Squarespace. Dette verktøyet gjer det enkelt og lystbetont å arbeide med webkommunikasjon. Squarespace har over 2 mill. brukarar på verdsbasis, og er eit trygt og framtidsretta val. 
Sjekk nokre av nettsidene vi har utvikla.

 
 

Gjennomtenkt prosess

Vi har ein velprøvd og gjennomarbeidd prosess for å skape nettsider, der fokus ligg på å forstå målgruppa og deira brukarbehov. Vi set i fellesskap opp målsettingar (KPI - Key Performance Indicators), og når nettsida er ferdig driftar vi denne og tek ansvar for support. 
Les meir om prosessen med å lage nettside.

 

Nyheitsbrev integrert

Squarespace har eigen modul for nyheitsbrev integrert i nettsida. Dette gjer det enkelt og raskt å sende ut nyheitsbrev til kundar og prospects. Med eit par tastetrykk har du sett opp nyheitsbrevet for utsending. Ikkje så omfattande system som Mailchimp, men enklare og raskare i bruk. Gasta hjelper deg å komme godt i gang.
Les meir om Squarespace Email Campaigns

 

Våre kundar: